Norske myndigheter anbefaler at flest mulig er forberedt på å klare seg selv i en uke. Det er fordi kommuner og nødetater må prioritere de som ikke klarer seg uten hjelp i en krise.

«Beredskapsvenn» er årets ord

Årets ord 2024 minner oss om at vi står sterkare saman enn kvar for oss.

Publisert Sist oppdatert

Hausten 2024 fekk alle husstandar ein brosjyre frå styresmaktene i posten med råd om korleis vi innbyggjarar skal klare oss sjølve i ei vekes tid dersom ei krise råkar oss. Eitt av råda er å skaffe seg ein beredskapsvenn. Det skriv Språkrådet på sine nettsider.

– Ordet beredskap forbind vi med noko alvorstungt, mens venn kan knytast til noko som er nært og kjært. I beredskapsvenn får vi desse førestillingane i eitt og same ord, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.

 

Tilkaring og exitskatt

På lista over nyord i 2024 finn vi òg ord som tilkaringsindustri, exitskatt, djuphavsgruvedrift og drakedrone. I år som i fjor reflekterer orda at nyheitsbildet er sterkt prega av økonomisaker og konfliktar.

– Det er i stor grad samfunnsutviklinga som avgjer kva for nye ord som kjem inn i språket på ulike fagområde, og ikkje minst kor mange. Under koronapandemien fekk vi mange nye ord, for situasjonen var ny og spesiell. I år ser vi at det har kome inn færre nyord i språket. Økonomi og krig er meir kjende landskap med etablerte vokabular, så behovet for nyord har kanskje ikkje vore like sterkt i år, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

 

God språkleg kvalitet

Årets ord blir kåra av Språkrådet i samarbeid med professor Gisle Andersen ved NHH.

– Årets ord skal vera aktuelt, levedyktig og ha høg språkleg kvalitet. Det er eit poeng å vise at norsk er eit rikt språk med eit stort ordtilfang som lett kan utvidast på gode måtar, seier Andersen.

I kåringa blir det blant anna brukt dataverktøy som fangar opp nye ord frå store riks- og regionaviser. Dataverktøyet er utvikla av Knut Hofland i forskingsselskapet Norce. I fjor vart KI-generert kåra til årets ord.

Powered by Labrador CMS